Gustave Eiffel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Alexandre Gustave Eiffel (15. desember 1832–27. desember 1923) var ein fransk ingeniør og entreprenør som spesialiserte seg på metallkonstruksjonar.
Remove ads
Eiffel er mest kjend for Eiffeltårnet i Paris, som blei reist i tidsrommet 1887–1889 i samband med verdsutstillinga i byen i 1889. Eiffel står òg bak armaturet i Fridomsstatuen i New York og ei rekke bruer. I 1890 teikna han «La Ruche» («Bikuba») i Paris. Huset blei opphavleg reist som ein mellombels struktur i samband med ei utstilling det året, men etter å ha blitt demontert valde ein å reisa det igjen på ein annan stad som billige atelier for kunstnarar.
Eiffel blei innblanda i ein økonomisk skandale i samband med det feilslåtte franske panamakanalprosjektet, og blei i første omgang dømt for dette. Det viste seg at han ikkje hadde hatt noko med den økonomiske sida av prosjektet å gjera, og dommen blei seinare omstøtt.
Ingeniøren døydde heime på Rue Rabelais i Paris, og blei gravlagd på Levallois-Perret-kirkegården i byen.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads