Håkon Magnusson Toresfostre
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Håkon Magnusson Toresfostre (1069–1095)[1] vart utropt til konge av Trøndelag og Oppland i 1093. Samstundes vart Magnus III Berrføtt teken til konge i Vika.
Håkon skal ha vore son av Magnus II Haraldson. Ein kjenner ikkje til kven mor hans var.
Han var fosterson av Steigar-Tore, ein mektig mann frå Oppland, og var difor kjend som «Toresfostre». Steigar-Tore stydde opp om kravet om kongsmakt.
Etter å ha vorte teken til konge på Opplanda vart han hylla som herskar på Øyratinget ved Nidaros. Her gav han lovnad om å oppheva fleire plikter for bøndene, som «landøre» og «julegåver».[2]
Magnus Berrføtt godtok ikkje Håkon som medkonge.[2] I 1093 var det kampar mellom Håkon og Magnus Berrføtt.
Håkon døydde i 1094 eller 1095 etter å ha blitt sjuk under rypejakt på Dovrefjell.[2] Han hadde berre vore konge i drygt eit år.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads