Høgdehopp
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Høgdehopp er ei friidrettsgrein der utøvarane skal hoppa over ei list som er plassert mellom to stenger. Kvar hoppar får tre forsøk på kvar høgd. Med tre riv på rad er ein ute av konkurransen.

Verdsrekorden for herrar held kubanaren Javier Sotomayor (2,45 meter), medan Patrik Sjöberg har europarekorden (2,42 meter). Verdsrekorden (og europarekorden) for kvinner er 2,10 meter, sett av Jaroslava Mahutsjikh frå Ukraina under Diamond League i Paris 7. juli 2024.
Høgdehopp er med i dei fleste større stemne, og er også ei øving i m.a. tikamp og sjukamp.
Remove ads
Teknikkar


Utviklinga av idretten har gått gjennom fleire teknikkar som gav meir og meir høgd. På 1800-talet byrja ein med å ha rett tilløp for så å klarera hindringar på huk. Raskt utvikla ein saksestilen, som framleis blir nytta som introduksjon til høgdehopp. Frå eit skrått tilløp set ein av på det ytste beinet, og svingbeinet blir løfta over. Etter dette følgjer det strekte avsatsbeinet etter i ei sakseliknande rørsle. Ei vidareutvikling var Eastern cut-off, der hopparen lente overkroppen bakover og heldt han parallell med overliggaren. Rundt 1900 nådde ein høgder oppunder 2 m med denne teknikken. Få år etter kom den fyrste større omveltinga i høgdehoppteknikk.
Western Roll introduserte avsprang på innerbeinet etter eit skrått tilløp. Svingbeinet blei ført strakt mot overliggaren, deretter passerte kroppen overliggaren sideliggande parallelt med denne. Frå ca. 1912 til etter Berlin-OL 1936 var dette den gjeldende teknikken og gav høgder opp mot 2,03 m for gullmedaljevinnaren i Berlin.
Straddle-teknikken vidareutvikla Western roll ved at ein hadde magen mot overliggaren og roterte kroppen rundt overliggaren. Denne teknikken var tonegjevande for dei neste 40 åra, og verdsrekorden blei skrudd opp mot 2,28 m av Valerij Brumel.
Under Sommar-OL 1968 vann Dick Fosbury gull med sin revolusjonerande Fosbury-flopp. Etter eit J-forma tilløp kjem avsett frå ytterfoten, medan svingbeinet med bøygd kne blir ført oppover. Springaren roterer etter avsettet om eigen lengdeakse slik at han passerer overliggaren med ryggen vendt mot denne. Teknikken blei gjort mogleg ved at ein hadde teke i bruk mjukt materiale til å landa på. Tidlegare landa hopparane i sand. Teknikken spreidde seg over heile verda, og alle høgdehopparar brukar i dag Fosbury-flopp i konkurransar.
Remove ads
Rekordutvikling
Herrar
Den fyrste verdsrekorden i høgdhopp for herrar blei registrert av International Association of Athletics Federation i 1912.
Damer
Verdsrekordar (frå og med 2 meter) | ||||
Rekord | Hoppar | Land | Dato | Stad |
2,00 | Rosemarie Ackermann | GDR | 26.08.1977 | Berlin |
2,01 | Sara Simeoni | ITA | 04.08.1978 | Brescia |
2,02 | Ulrike Meyfarth | FRG | 08.09.1982 | Athen |
2,03 | Ulrike Meyfarth | FRG | 21.08.1983 | London |
2,04 | Tamara Bykova | URS | 25.08.1983 | Pisa |
2,05 | Tamara Bykova | URS | 22.06.1984 | Kyiv |
2,07 | Ljudmila Andonova | BUL | 20.07.1984 | Berlin |
2,08 | Stefka Kostadinova | BUL | 31.05.1986 | Sofia |
2,09 | Stefka Kostadinova | BUL | 30.08.1987 | Roma |
2,10 | Jaroslava Mahutsjikh | UKR | 07.07.2024 | Paris |
Remove ads
Noreg
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads