Høgskolen i Oslo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Høgskolen i Oslo (HiO), blei etablert 1. august 1994 og hadde om lag 12.000 studentar og 1100 tilsette.[1] Høgskulen var ein av 24 statlege høgskular i Noreg og er eit resultat av at tretten statlege høgskular i Oslo blei slått saman som ein del av Høgskulereforma i 1994. Den var den største statlege høgskulen i Noreg.
Høgskolen vedtok samanslåing med Høgskolen i Akershus på Kjeller den 9. desember 2010. Den nye høgskolen, Høgskolen i Oslo og Akershus, blei oppretta den 1. august 2011.
Remove ads
Lokalisering
Høgskolen i Oslo var samlokalisert på Bislett (Frydenlund, Pilestredet park og Holbergs plass), med hovudadresse Pilestredet 46 på Bislett i Oslo.
Avdelingar og studietilbod
Høgskulen tilbaud fag- og profesjonsstudium innan ei rekkje fagområde. Faga kunne takast i varierande lengde frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og eit doktorgradstudium, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Dei sju avdelingane ved Høgskolen i Oslo var:
- Avdeling for helsefag
- Avdeling for samfunnsfag
- Avdeling for estetiske fag
- Avdeling for ingeniørutdanning
- Avdeling for sykepleierutdanning
- Avdeling for lærerutdanning og internasjonale studier
- Avdeling for journalistikk, bibliotek- og informasjonsfag
I tillegg kom Senter for profesjonsstudier (SPS).
Høgskulen tilbaud internasjonalisering av studia, både høve til å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram å utdanne seg i utlandet etter avslutta studiar.
I 2007 blei Høgskolen i Oslo, avdeling for lærarutdanning og internasjonale studiar, tildelt ansvaret for opprettinga av den første permanente tolkeutdanning i Noreg, og oppretta same år studietilbodet «Tolking i offentlig sektor» der det i løpet av 2007 og 2008 blei tilbode tolkeutdanning i 30 ulike språkkombinasjonar.
Remove ads
Rektorar ved Høgskolen i Oslo
- Steinar Stjernø 1994-2000
- Per Lilleengen 2000-2007
- Sissel Østberg 2007-2011
Sjå også
- Oslo- og Akershushøgskolenes studentsamskipnad
- Oslostudenten (studentavis)
- Studentersamfunnet Bislet
- Studentparlamentet
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads