Høymole
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Høymole er ei fleirårig urt i syrefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 80 cm høg og har tungeforma blad med tverr eller rund grunn og litt bukta kant. Ho har høg tett topp. Fruktskaftet har led nedanfor midten. Høymole blomstar kring juli månad i Noreg. Høymola er rekna som eit ugras og veks vanleg på dyrka mark gjennom heile Noreg, på setrane opp til 1250 meter. Denne arten hybridiserer med fleire andre høymoleartar.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads