Haab'

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Haabʼ (mayauttale [haːɓ]) er ein del av mayakalendersystemet. Det var ein kalender på 365 dagar nytta av mange av dei prekolombianske kulturane i Mesoamerika.

Skildring

Haabʼ omfattar atten månader på tjue dagar kvar, i tillegg til ein period på fem dagar («namnlause dagar») ved slutten av året kjend som wayeb' (eller uayeb i tekstar frå 1500-talet).

Victoria Bricker har estimert at haabʼ-kalenderen fyrst blei brukt kring 500 f.Kr., med eit startpunkt ved vintersolkverv.[1]

Månadane i haabʼ blir vanlegvis omtalte med namn frå yukatansk maya slik det blei tala i kolonitida. Sekvensen av desse (med revidert rettskriving[2]) er oppgjevne i tabellen under.

Kvar dato i haabʼ-kalenderen blei identifisert med eit nummer innan månaden, følgd av namnet på månaden. Nummera byrja med ein glyff omsett som «setjinga av» månaden, noko som vanlegvis blir sett på som den 0. dagen av denne månaden, sjølv om nokre reknar han som 20. dagen av den føregåande månaden. I denne ordninga er setjinga av pop dag 5 av wayebʼ (dei namnlause dagane). For dei fleste var den fyrste dagen av året setjinga av pop. Denne blei følgd av 1. pop, 2. pop ... 19. pop, setjinga av wo, 1. wo og så vidare.

Innskrifter ved Krosstempelet i Palenque viser tydeleg at mayaene kjende til den verkelege lengda på året, sjølv om dei vanlegvis ikkje nytta skotdagar i kalendersystema sine. J. Eric Thompson har skrive at mayaene kjende til forskyvinga mellom haabʼ og solåret og at dei utførte utrekningar som viste raten av forskyving, men berre som merknadar, ikkje forslag til å endra kalenderen.[3]

5 uheldige dagar

Dei fem namnlause dagar i slutten av kalenderen, wayebʼ, blei sett på som eit farleg tidsrom. Foster skriv at i denne tida blei skiljet mellom menneskeverda og underverda utviska, slik at vondskapsfulle gudar lettare kunne skapa ulukke. For å verna seg mot desse vonde åndene følgde mayaene ulike skikkar og ritual i denne tida. Dei ville til dømes ikkje forlata husa sine eller vaska håret i dei namnlause dagane.[4]

Remove ads

Månader

Meir informasjon Nr., Namn på månad ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads