Haakon VII land
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Haakon VII land er eit landområde på nordvestlege Spitsbergen i Svalbard. Det er avgrensa geografisk mot Woodfjorden i nordaust, Kongsfjorden og Krossfjordeni sørvest[1] og isbreen Isachsenfonna i sør. Det har namn etter kong Haakon VII av Noreg.[2]
Haakon VII land grensar mot Albert I land i vest, James I land i sør og Andree land i aust. Området er fjelldekt med toppar jamnt over opp til 1 300 meter i sør og aust, noko lågare i vest. Høgste toppen er Eidsvollfjellet på 1 454 moh.[3]
Landskapet delt i to på midten i retning nord-sør, av ei renne i fjellandskapet som er bredekt med to hovudbrear: Monacobreen i nord (renn ut i Liefdefjorden), og Isachsenfonna i sør.
Heile landskapet ligg inne i Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads