Hafnarfjörður
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hafnarfjörður, med det offisielle namnet Hafnarfjarðarbær, er ein kommune på Sørvest-Island, i regionen Höfuðborgarsvæðið. Den 1. desember 2006 hadde Hafnarfjörður 23 674 innbyggarar, som gjorde den til den tredje største kommunen på Island.
Frå det 16. hundreåret har det vore ei travel hamn i Hafnarfjörður der det har vore handla med all slags varer. Ålesundaren Hans Wingaard Friis d.y dreiv eit betydleg torskefiske med line med tre fiskefarty i perioden 1906 til 1909. Fisken vart tilvirka av islandske og norske arbeidarar i eiga sjøbu. Ein eigen norsk I.O.G.T losje, Hjemmets Minde under Islands Storlosje av I.O.G.T, vart stifta i 1906.[2]
I dag er det eit aluminiumsmelteverk i Hafnarfjörður, det eldste på Island. Hafnarfjörður var den første staden det vart satt opp elektrisitetsnettverk på Island, dette var i 1904.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads