Hagtorn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hagtorn
Remove ads

Hagtorn er ein art i hagtornslekta i rosefamilien. Det er ein 1–6 meter høg lauvfellende busk med ei svært tettgreina vekstform. Planten veks på frisk eller tørr, næringsrik grunn.

Kjappe fakta

Blada er eggforma med tre til sju lappar med heil rand og nokre få grove tenner ved spissen av kvar lapp. Øyreblada har også nokre få tenner eller er heilt heilranda.

Blomane er 10–15 mm breie og kvite. Dei har 1 griffel. Fruktene er 6–10 mm store, mørkeraude og har éin kjerne (stein).

Arten finst dyrka eller forvilla, eller han veks vilt langs kysten i heile Sør-Noreg. Hagtorn blomstrar i Noreg i mai/juni.

Remove ads

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads