Haile Selassie I av Etiopia

etiopisk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Haile Selassie I av Etiopia
Remove ads

Haile Selassie I (23. juli 189227. august 1975) var keisar av Etiopia frå 2. april 1930 til 12. september 1974.

Kjappe fakta Amharisk (geez), Fødd ...

Haile Selassie var av fyrsteleg slekt. Då han vart fødd fekk han først namnet Lij Tafari Makonnen. Han fekk status som tronfølgjar i 1916. Keisarinna Zewditu (Zäwditu ዘውዲቱ) utnemnde han til konge i 1928. Då ho døydde, vart han keisar. Namnet hans som keisar, Haile Selassie, tyder 'treeiningas makt'.

Under den italienske invasjonen av Etiopia 1936-1941 levde han i eksil i Storbritannia. Då okkupasjonen var slegen attende, kom han attende og regjerte fram til han vart avsett i eit militærkupp i 1974. Han døydde i fengsel i 1975.

Tilhengjarane av religionen rastafari ser på Haile Selassie som Messias. Ordet «rastafari» er samansett av ras ራስ 'hovud; hertug', og täfäri ተፈሪ, som var det opphavlege mellomnamnet hans.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads