Karlö

From Wikipedia, the free encyclopedia

Karlö
Remove ads

Karlö eller Hailuoto er ei øy og ein kommune i Uleåborgs len i Finland. Ho har eit folketal på 986 (2005) og kommunen dekkjer eit areal på 196,56 km² (utanom sjøområda) der 2,64 km² er innlandsvatn. Folketettleiken er dermed 5,0 innbyggjarar per km².

Kjappe fakta Karlö Lokalt namn Hailuoto, Geografi ...

Karlö ligg utanfor byen Uleåborg (Oulu) i Bottenvika. Eit ferjesamband går dagleg mellom Karlö og Uleåsalo. Om vinteren går det ein offisiell isveg mellom øya og fastlandet.

Landområdet i regionen stig framleis etter den siste istida. Det er estimert at dei første delane av Karlö steig opp av Austersjøen for om lag 1 700 år sidan. Den noverande øya vart danna av mange mindre øyar. To store delar, Santonen og Hanhinen gjekk i saman til hovudøya om lag to hundre år sidan. Øya utvidar seg stadig, og vil ein gong verte ein del av fastlandet.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads