Halfdan Cleve

norsk komponist From Wikipedia, the free encyclopedia

Halfdan Cleve
Remove ads

Halfdan Cleve (5. oktober 18796. april 1951) var ein norsk pianist og komponist, fødd og oppvaksen i Kongsberg. Han var ei tid busett i Tyskland. Han komponerte mellom anna fem klaverkonsertar, andre klaverstykke og ein del kammermusikk.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Cleve var son av organisten i Kongsberg kyrkje, Andreas Johan Julius Kleve (18321903), og vart kalla eit vedunderbarn. Han fekk statens kunstnarløn frå 1946, og vart av enkelte kalla «Nordens Brahms». Han gifta seg i 1904 med pianisten Berit Winderen (18781964), som han fekk fire døtrer med.

Han fekk først undervisning av faren, og frå 1895 studerte han i Kristiania under Otto Winther-Hjem. I 1898 flytta han til Berlin, og studerte der under Oscar Raif og Scharwenka-brørne.

I 1902 debuterte Cleve i Berlin med sin eigen pianokonsert i A-dur. Han heldt fram med å bu i Berlin, og fastsette ryktet sitt som ein glitrande pianist og ein lovande komponist. Han gav konsertar både i Tyskland og andre stader. I 1907 var han solist ved ein konsert for å heidre Edvard Grieg med Grieg sjølv på dirigentpodiet.

Cleve budde så ein kort periode i København, men flytta i 1909 tilbake til Noreg, og busette seg i hovudstaden og konsentrerte seg om komposisjon. Musikken hans kan best kallast seinromantisk. Etter kvart fekk han eit norskare preg.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads