Havert
pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Havert, haverkn eller gråsel (Halichoerus grypus) er ein stor sel som lever i temperert til kjølig vatn langs den nordlege atlanterhavskysten. Det er òg ein liten bestand i Austersjøen. I Noreg er han vanlegast frå Trøndelag og nordover, med ei lita stamme ved kysten av Rogaland. Ein reknar med at det finst ein bestand på om lag 4500-5000 dyr i norske farvatn.
Haverten vert jakta på etter kvoter som overstig det Havforskningsinstituttet tilrår. Norsk raudliste for artar rekna han som nært truga i 2006, nedgraderte til livskraftig i 2010, men arten vart oppgradert igjen og kategorisert som sårbar frå 2021.[2]
Remove ads
Skildring

Haverten er ein stor sel i norsk samanheng, men middelsstor viss ein reknar med arktiske og antarktiske artar. Hannar kan bli 2,5-3,3 m lange med ei vekt på opp til 300 kg, medan hoene oftast er mykje mindre; vanlegvis vert dei 1.6–2.0 m lange og veg 100–150 kg.
Haverten varierer i farge frå brun til grå, og er lett å kjenna att på den lange, krumme snuta. Hannen har i tillegg ei rekkje store hudfaldar på halsen. Oversida på dyret er dekt av små svarte flekkar.
Remove ads
Levesett
Haverten lever som oftast i små flokkar ytst i skjærgarden. Der lever dei av fisk og blekksprut, som dei fangar på djupner ned til 70 m. I paringstida, som er om hausten hjå dei norske bestandane, samlar dei seg i større grupper.
Hoa går drektig i 8 månadar etter ei forseinka innplanting på 3 1/2 månad, og før ungane sine kort tid før paringa. Dei kan para seg både i vatn, på land og på is. Hannen samlar 6-7 hoer i eit harem, men ei ho kan la seg befrukta av meir enn ein hann.
Dei fleste ungane som vert fødd døyr unge.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads