Halsnøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Halsnøya er den største øya i ei samling av øyer sør i Kvinnherad kommune. Ho er den mest folkerike øya i kommunen. Innbyggjartalet per 2023 er 1948. Øya kallast ofte for «Perlo» eller «Holmen». Nøkkelstader på øya inkluderer Sæbøvik, Høylandsbygd og Halsnøy Kloster.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Halsnøy.
Ein av dei eldste båtane i Noreg, «Toftebåten» eller «Halsnøybåten». vart funnen på Halsnøya i 1896, og rekonstruert i målestokk i 2006.
Naboøyene til Halsnøya er Fjelbergøya og Borgundøya, og det går ferje mellom desse tre øyene. Sjoøya er ei lita øy som høyrer til Halsnøya. Kolsøya, Toftøya, Blåbærholmen og andre små øyer/holmar ligg tett rundt Halsnøya.
Remove ads
Turisme
På Halsnøya finn ein turistattraksjonar som Halsnøy Kloster og Sæbøvik-festivalen. Det er svært populært med fiske og hytteleige om sommaren, med mange besøkande frå vest-Europa.
Halsnøy kloster
- For meir om dette emnet, sjå Halsnøy kloster.
Halsnøy Kloster er eit av Noregs fyrste kloster. Det var eit augustinarkloster, og vart truleg grunnlagd av Erling Skakke med kompani ein gong på i 1164. Her var det på den tida både sjukehus, kyrkje (tilbeding), overnatting, fiske- og jordbrukshandel, og diverse andre arbeidsplassar. Det var augustinarmunkar og nonner som tok seg av sjuke sjømenn, soldatar, bønder og andre sjuke menneske. Den dag i dag er Halsnøy Kloster ein turistattraksjon, der folk frå heile Noreg vitjar klosteret årleg. Like ved klosteret ligg Sunnhordland Folkehøgskule. Stein frå klosteret kan ein finna igjen mellom anna på Stord. I klosterhagen kan ein framleis finna spor etter urter og andre plantar som vart brukt mellom anna til medisin i klosteret. Halsnøy kloster høyrer til Sunnhordlandsmuseet. Venelaget for Halsnøy Kloster, stifta i 1986, er ei gruppe eldsjeler som arbeider for å vedlikehalda klosteret.
Remove ads
Informasjon
Kommunikasjon
Med ferje kan ein reisa til Ranavik på nordspissen av Halsnøya frå Skjærsholmane på Stord. Ein kan køyra undersjøisk tunnell frå Sunde (i Sunnhordland).
Til Sydnes på sørspissen av Halsnøya kan ein reisa frå Utbjoa, Borgundøy, Fjellbergøy (og Skjærsholmane?) Med snøggbåt kan ein reisa til Ranavik frå Leirvik på Stord eller frå Sunde.
Halsnøytunnelen
Halsnøytunnelen, Rv544, opna 8. mars 2008. Den 4 kilometer lange undersjøiske tunnelen strekkjer seg frå Toftevåg på Halsnøya til Sunde. Tunnelen vert betalt av bompenger i 15 år (tom. 2023), samt ekstra avgifter på ferjeprisane frå 2004 til opninga. Det har vore mykje diskusjon rundt tunnelen, spesielt frå fastlandssida.
Skular
Sunnhordland folkehøgskule, Øyatun ungdomsskule (8.-10.) Halsnøy skule (1.-7.). Sommaren 2011 vart Sætre skule, Tofte skule, Hauge Oppvekstsenter lagt ned og elevane samla på Halsnøy skule.
Idrett
- Halsnøy idrettslag: volleyball, fotball, symjing.
- Halsnøy o-lag.
- Høylandsbygd skyttarlag.
- Idrettsanlegg: grusbanar og grasbane, skytebane, basseng, tennisbane.
Økonomi
- Halsnøy Dokk
- Tronds Marine
- Adonis Data.
Høgaste punkt/fjell/toppar
Svartaberget, Toftåsen, Landåsen, Ravnekulten, Jamburfjell og Sydnessåta.
Vatn
Landavatnet, Fjellandsvatnet og Gravdalsvatnet.
Administrasjon
Før 1855 var Halsnøya delt mellom tre kommunar: Fjelberg, Skånevik og Eid. I 1855 vart Eid slått saman med Fjelberg og øya var delt mellom Fjelberg og Skånevik fram til 1964, då ho vart del av Kvinnherad.
Kjente folk frå Halsnøya
- Bjarte Agdestein, skodespelar, har vore med og animert den oscarvinnande filmen Den danske dikteren (The Danish Poet)
- Tor Bjarne Bjelland, musikar (trommer), kjent frå mellom anna Trucks og Robert Post
Remove ads
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling:
1900[1] | 2000[2] | 2023[2] |
---|---|---|
1086 | 1991 | 1948 |
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads