Halten fyrstasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Halten fyrstasjon er eit fyr som ligg på Store Reinsøy i det avfolka fiskeværet Halten i Frøya kommune i Trøndelag fylke.
Fyrstasjonen vart oppretta på Halten i 1875 og er ein del av fyrkjeda i øyrekka utanfor Frøya, med Sula fyr i sør, så Vingleia fyr, Finnvær fyr og Halten fyr lengst nord.
Stasjonen består av eit 29,5 meter høgt steintårn som vart flytt frå Lista fyrstasjon, der det opphavleg var eitt av tre fyrtårn der bygd i 1853. Det var opphavleg planlagt at Halten fyr skulle vere eit tvillingfyr, men dette vart det ikkje noko av sidan den fyrtekniske utviklinga gjorde dette unødvendig.
Lykta har ein lysstyrke på 1 080 000 candela og ei lysvidde på 17,5 nautiske mil.
Mykje av originalt interiør og eksteriør er bevart på fyret.
Fyret er freda etter lov om kulturminne.
Remove ads
Klima
Meteorologisk institutt har hatt ein vêrstasjon på Halten fyr sidan september 1983. Stasjonen ligg 16 meter over havet og har synopnummer 01240.
Sjå òg
Kjelder
- «Norsk fyrliste 2008 - side 417» (PDF - 15 mb). Kystverket.
- «Halten fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
- Halten fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- eklima
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads