Handhalden lupe

From Wikipedia, the free encyclopedia

Handhalden lupe
Remove ads

Handhalden lupe er ei lupe, ei linse av klårt glas eller klår plast, som ein kan få både med og utan innebygd ljos til å lyse opp det objektet ein vil sjå på gjennom lupa. Handhaldne luper vert gjerne nytta gjerne ved ein lettare grad av svekka syn eller i situasjonar der ein treng forstørring i ein kortare tidsperiode, eller for å studera ting med små detaljar. Handhaldne luper kan ein få med forstørring på frå om lag 2 gongar til 20 gongar (2X-20X). Ekstra ljos på lupa kan vera naudsynt for svaksynte, men kan òg vere nyttig i andre samahangar..

Thumb
Ein penn sett gjennom ei lupe.
Thumb
Ei lupe nytta til å studera frimerke med.

Ei handhalden lupe er meir tolerant overfor variasjonar i avstand (eller unøyaktige innstillingar) enn andre luper. Dei rette avstandane mellom ague og lupa, og mellom lupa og det objektet ein skal sjå på, finn ein lettast ved å prøva seg fram. Det kan vera problematisk for brukaren å finna rett sittestilling, unngå refleksar i lupa frå ljoskjeldene i rommet, og å halda lupa og objektet i rett avstand frå augo.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads