Hans Bjering
gardbrukar og stortingsrepresentant From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hans Peter Bjering (23. mars 1836–10. februar 1895) var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå Rakkestad.
Bjering var son til ein gardbrukar i Rakkestad. Sjølv gjekk han Haslem landbruksskule. Åra 1860-62 dreiv han farsgarden. Han kjøpte då gard på Våge i Veøy i Romsdal, budde der livet ut.
Bjering representerte Romsdals amt på Stortinget 1880-85 og 1889-91. Han var medlem av militærkomiteen 1880-85 og av konstitusjonskomiteen 1889-91. Frå 1883 til -85 og 1889 til -91 var han medlem av Lagtinget. Såleis var han i 1883-84 medlem av riksretten mot Selmer-ministeriet.
Han døydde i 1895 på garden sin i dåverande Veøy herad, i dag i Rauma kommune.
Remove ads
Kjelder
- Lindstøl, Tallak (1914). «Bjering, Hans Peter». Stortinget og statsraadet: 1814-1914. Kristiania: Steenske bogtrykkeri. s. 93.
- Biografisk informasjon om Hans Bjering NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads