Hans Synnestvedt

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Hans Jørgen Reutz Synnestvedt (20. april 177712. juni 1841) var ein offiser, vegmeister og stortingsmann.

Kjappe fakta

Synnestvedt var fødd i Norddal, der faren som var offiser dreiv gard. Han var ei tid pasje ved hoffet i København. Sidan steig han i gradene til kaptein og vart utnemnd til vegmeister for både Romsdals amt og Søndre Trondhjems amt. Han kjøpte garden Årø i Bolsøy i 1809, og budde der sidan. År 1827 vart Synnestvedt land- og sjøkrigskommissær for Trondheim.

Synnestvedt var 1. representant frå Romsdals amt på Stortinget 1815-16. Han var medlem av ti komitear, mellom anna av komiteen for geografisk oppmåling og komiteen som forhandla om matrikkellova.

Han døydde på Hopsøya i Hitra medan han var på embetsreise.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads