Harald Bothner
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Harald Bothner (30. november 1850–24. oktober 1924) var ein norsk embetsmann og politikar frå Halden. Han var medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm i 1905, revisjonsminister i 1905, samt justisminister 1905-07.
Bothner var son til ein handelsmann og seinare hotelleigar i Fredrikshald. Han vart student i 1868 og cand. jur. i 1872. Åra 1873-75 var han fullmektig hos ein sakførar i Drammen, deretter eidsvoren fullmektig hos sorenskrivaren i Tune. 1878-80 var han overrettssakførar i Sarpsborg, sidan i Fredrikshald. I 1889 vart han statsadvokat for dagens Vest-Agder og Rogaland med sete i Stavanger. Frå 1896 var han sorenskrivar i Stjørdal og Verdal, busett i Levanger.
Botner var innvald som representant for Nordre Trondhjems amt til Stortinget 1903-06 der han høyrde til Det Radikale Venstre, som representant for dette partiet fekk han plass i Christian Michelsen si regjering frå 11. mars 1905. I si tid som stortingsmann var han 1903-05 medlem av protokollkomitee og frå 1.5.1904 av valkomitten. Han var også medlem av den utvida budsjettkomiteen 1904.
Då han gjekk ut av regjeringa i 1907, vart Bothner utnemnd til amtmann i Søndre Trondhjems amt, med bustad i Trondheim. Han hadde dette embetet til han tok avskjed i 1921.
Bothner vart tildelt 7. juni-medaljen.
Hans Dagbøker fra 1905 vart trykt og utgjeven av Trondhjems historiske forening i 1987.
Remove ads
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Litteratur
- Harald Bothner: Dagbøker fra 1905. Trondhjems historiske forening, 1987.
- Illustreret norsk konversationsleksikon, bd. I. Aschehoug, 1907.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads