Harvard University
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Harvard University, eigenleg President and Fellows of Harvard College, er eit privat universitet i Cambridge i Massachusetts. Det er medlem av samanslutninga Ivy League. Universitetet blei grunnlagt 8. september 1636 og er den eldste institusjonen for høgare utdanning i USA.


Harvard University er oppkalla etter presten John Harvard, som testamenterte nokre hundre bøker til å etablera biblioteket på skulen, i tillegg til fleire hundre pund.
Universitetet har det største pengefondet av alle utdanningsinstitusjonar i verda. I 2005 hadde fondet ein verdi på 22,6 milliardar dollar. Harvard sitt alumnnettverk har ca. 335 000 medlemer.
Remove ads
Fakultet
Harvard har desse fakulteta:
- Harvard College
- Harvard School of Engineering and Applied Sciences
- Harvard Division of Continuing Education
- Harvard Graduate School of Arts and Sciences
- Harvard Divinity School
- Harvard Graduate School of Education
- Harvard Kennedy School of Government
- Harvard Law School
- Harvard Business School
- Harvard School of Public Health
- Harvard Medical School
- Harvard School of Dental Medicine
Biblioteka ved Harvard University har meir enn 16 millionar titlar, som gjer det til USAs nest største bibliotek (2006).[1]
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads