Haskell Strait

From Wikipedia, the free encyclopedia

Haskell Strait
Remove ads

Haskell Strait er eit sund sør i McMurdo Sound, mellom Cape ArmitageRoss Island og Cape Spencer-Smith på White Island i Antarktis.[1] Oseanografisk skil det McMurdo Sound frå havbassenget under Rossisen. Sjølve sundet er kring 25 km breitt og somme stader over 900 meter djupt.[2] Det er målt straumar på nesten ein halv knop i sundet, sjølv om straumen vanlegvis er svakare.[3] Det er stort sett dekt av is av McMurdoisen og fastisen sør i McMurdo Sound. Ved sjeldne høve har havisen brote sund slik at det har vore mogeleg å segle i nordvesthjørnet av sundet fram til Scott-basen.

Thumb
Kart over Haskell Strait mellom Cape Spencer-Smith og Cape Armitage.
Kjappe fakta Land, Stad ...
Remove ads
Remove ads

Namn

Det er kalla opp etter den newzealandske polarforskaren dr. Timothy G. Haskell i 2009. Det er uklårt kvifor det ikkje tidlegare vart namngjeve som sund. Truleg kjem dette av at det som regel er isdekt og dominert av barrieren (McMurdoisen).

Historie

Apsley Cherry-Garrard skildrar korleis mennene og ponniane til Robert F. Scott her prøvde å kome seg bort frå isen som var i ferd med å falle frå kvarandre, medan spekkhoggarar patruljerte sjøen like ved.[4] Scott-basen, som er den newzealandske forskingsstasjon, vart oppretta under Det internasjonale geofysiske året 1957 og ligg like ved Haskell Strait.

Thumb
Haskell Strait mot sør med Scott-basen (lengst til venstre), Cape Spencer-Smith (lengst bak i midten) og Observation Hill (nede til høgre)
Remove ads

Oseanografi

Sidan sundet er eit av dei sørlegaste i verda, er det kraftig påverka av jordrotasjonen. Det er òg den vestlege innfallsporten til Rossgropa, ei enorm, hovudsakleg ukjend grop i Rosshavet. Gropa er ei stor kjelde til underkjølt vatn, vatn som er kaldare enn frysepunktet, men framleis flytande.[5] Slikt vatn påverkar veksten til sjøisen som igjen påverkar klima.[6]

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads