Hatholmen fyrstasjon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hatholmen fyrstasjonmap
Remove ads

Hatholmen fyrstasjon er eit fyr som ligg på Indre Hatholmen i Mannefjorden midt i innseilingen til Mandal i Agder.

Thumb
Plasseringa til Hatholmen fyrstasjon
Kjappe fakta Fylke, Kommune ...

Fyret vart oppretta i 1867 og hadde bemanna drift fram til 1984 då det vart avfolka og automatisert. Den 6. mai 1991 overtok Mandal Kystlag drifta og vedlikehaldet av fyret. Fyret vart bygd samstundes med Ryvingen fyrstasjon og har funksjonelt og visuelt samband med denne.

Sjølve fyrbygningen er i tre og er eit 1 1/2 etasjar høgt bustadhus med tilhøyrande lykterom. Fyret har 4. ordens linseapparat frå 1931. Det vart ombygd til solcelledrift i 1985.

Anlegget omfattar elles uthus, hønsehus, maskinhus og oppheng for taubane, trapper og bru, samt naust og landing. Anlegget vart tilrettelagt som bustad av fyrmeisteren og familien hans og på holmen finst hage og bedd.

Hatholmen fyrstasjon er i dag freda etter lov om kulturminne.

Det er i sommarmånadane høve for overnatting på fyret eller såkalla «fyrferie».

Remove ads

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Andre kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads