Hauk Aabel

norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Hauk Aabel
Remove ads

Hauk Erlendssøn Aabel (fødd 21. april 1869 i Førde, død 12. desember 1961) var ein norsk skodespelar og visesongar som vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1934 og som òg fekk Kongens fortenestmedalje i gull.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Thumb
Grava til Hauk og Per Aabel på Vestre gravlund i Oslo

Han var son av legen og høvesdiktaren Andreas Aabel (18301901) og debuterte på Christiania Theater i 1897, men slo først igjennom 1899 på Sekondtheatret med den storkomiske, lettbeinte og dumlystige antikvitetshandlaren Snild i Gustav Wied sin Erotik. 19001904 var han knytt til Nationaltheatret, frå 1904 til Centraltheatret, der han som den naive bondeguten Ola Lia forma ein populær figur.

I 1917 byrja Hauk Aabel å spele i stumfilmar i Sverige. Han vendte så tilbake til Noreg i 1927, der han deltok i fleire filmar, den siste i 1939, som far til Tutta Rolf i den svenske filmen Valfångare.

Hauk Aabel var far til den populære skodespelaren Per Aabel (190299).

Remove ads

Filmografi

  • Troll-Elgen (1927) i rolla som direktør Piper.
  • Den store barnedåpen (1931) i rolla som kyrkjetenar Evensen (første norske lydfilm).
  • En Glad gutt (1932) i rolla som Ola Nordistua.
  • Jeppe på bjerget (1933) i rolla som Jeppe.
  • Du har lovet mig en kone! (1935) i rolla som professoren.
  • Morderen uten ansikt (1936)
  • Ungen (1938) I rolla som Krestoffer.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads