He Ain't Heavy, He's My Brother
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«He Ain't Heavy... He's My Brother» er ein popballade skriven av Bobby Scott og Bob Russell og opphavleg spelt inn av Kelly Gordon i 1969. Songen vart eit år seinare ein stor hitt for The Hollies og igjen same året for Neil Diamond. Han har vorte spelt av mange andre artistar gjennom åra.
Remove ads
Opphavet til songen
Scott og Russell hadde møtt kvarandre ved Johnny Mercer, ein nattklubb i California. Sjølv om Russell var dødssjuk av lymfom og dei berre møtte kvarandre andlet til andlet tre gonger, klarte dei å skrive songen i lag.
Opphavet til tittelen
The Den første redaktøren i magsinet Kiwanis, Roe Fulkerson, publiserte ein artikkel i september 1924 kalla «He Ain't Heavy, He's My Brother»; men variantar av setninga går heilt attende til minst 1884.[2]
Lister
The Hollies-versjonen, som har med Elton John på piano, vart gjeven ut i Storbritannia den 1. september 1969 og den 1. desember 1969 i USA. «He Ain't Heavy» nådde tredjeplassen i Storbritannia[3] og sjuandeplassen i USA. I lag med songen «Carrie», vart songen gjeve ut på singel på ny seint i 1988 i Storbritannia, etter at han hadde vorte nytta i ein fjernsynsreklame for ølet Miller Lite. Denne gongen nådde han førsteplassen i Storbritannia i september 1988.
Neil Diamond-versjonen av songen, spelt inn for albumet Tap Root Manuscript, nådde 20. plassen på Billboard «Hot 100 Singles»-lista seint i 1970.
The Justice Collective-versjonen
He Ain't Heavy, He's My Brother Singel av The Justice Collective | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. desember 2012 | |
Innspelt | Oktober-november 2012 Sleeper Studios, Metropolis Studios, Abbey Road Studios (London) Parr Street Studios, Liverpool Institute for Performing Arts (Liverpool) | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 4:33 | |
Selskap | Metropolis (5065001566387) | |
Komponist | Bobby Scott | |
Tekstforfattar | Bob Russell | |
Produsent | Guy Chambers, Richard Flack | |
I 2012 vart ein versjon av songen gjeven ut av ei gruppe musikarar og kjendisar under namnet The Justice Collective, med mellom andre Melanie C, Robbie Williams, Paul Heaton, Paloma Faith, Paul McCartney, Gerry Marsden, Kenny Dalglish, Alan Hansen, Rebecca Ferguson og Beverley Knight for forskjellige veldedige hendingar til minne om Hillsborough-katastrofen.[13]
Songen gjekk til topps på julelista det året i Storbritannia.[14]
Singelen gav Melanie C hennar 12 førsteplass på lista i Storbritannia og gjorde ho til den einaste kvinnelege artisten som har klart dette i ein kvintett, kvartett, duo og solo og ei gruppe.
Lister
|
Remove ads
Andre artistar
Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Per Gessle, Donny Hathaway, Radka Toneff, Barry Manilow, Paul Carrack, Heine Totland, Bobby Goldsboro, Christer Sjögren, Al Green, Glen Campbell og Cher
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads