Heide Rosendahl
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Heidemarie Rosendahl, gift Ecker-Rosendahl, (fødd 14. februar 1947 i Hückeswagen i Nordrhein-Westfalen) er ein tysk friidrettsutøvar som tevla for Vest-Tyskland. Ho vann to gullmedaljar og ein sølvmedalje under Sommar-OL 1972 i München. Året i førevegen vart ho europameister i femkamp.
Remove ads
Aktiv
Rosendahl tok sølvmedaljen i femkamp under EM i friidrett 1966 i Budapest. Ho var småskadd under dei olympiske leikane 1968 i Mexico-byen, og vart nummer 18 i lengdehopp og trekte seg frå femkamptevlinga. Året etter sette ho verdsrekord i femkamp med 5155 poeng. I 1970 sette ho ny verdsrekord i lengdehopp med 6,84 m då ho sigra i universiaden i Torino. Rekorden stod i fem år.
Rosendahl vann gullmedaljen i femkampen under friidretts-EM 1971 i Helsingfors. I same meisterskapen fekk ho bronsemedaljen i lengdehopp med sluttresultatet 6,66 meter.
Under dei olympiske sommarleikane i München i 1972 vann Rosendahl lengdetevlinga med eit hopp på 6,78 meter, ein centimeter lengre enn det Diana Jorgova frå Bulgaria oppnådde. I femkampen tok ho sølvmedalajen, med 4 791 poeng hamna ho ti poeng bakom gullvinnaren Mary Peters frå Storbritannia. Til sist i olympiaden var Rosendahl med på det vesttyske stafettlaget som vann 4 x 100 meter stafett med tid 42,81 sekundar, ny verdsrekord.
Rosendahl slutta som aktiv etter 1973-sesongen. Ho er gift med ein USA-amerikansk basketballspelar og er mor til stavhopparen Danny Ecker.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Heide Ecker-Rosendahl» frå Wikipedia på tysk, den 26. august 2014.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads