Aidan av Lindisfarne

From Wikipedia, the free encyclopedia

Aidan av Lindisfarne
Remove ads

Heilage Aidan av Lindisfarne var ein irsk munk og misjonær i Storbritannia. Han var den første biskopen av Lindisfarne, og er best kjend for å ha grunnlagd Lindisfarne kloster.[1][2]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Aidan har fått æra for å ha innført kristendommen igjen til Northumbria, og er blitt kalla «Northumbrias apostel». Han reiste mykje gjennom landet og misjonerte, både blant kongar og adelege og blant dei fattige og mateslause, medrekna barn og slavar. Han grunnlag eit kloster med domkyrkje på øya Lindisfarne, kjend som Lindisfarne kloster, og var den første biskopen der.

Han er rekna som helgen i den anglikanske kyrkja, den katolske kyrkja og ortodoks kristendom.

Remove ads

Bakgrunn

Aidan stamma frå Irland, og namnet hans var eigentleg det gammalirske Áedán. Beda, som gjev ei lang og detaljert skildring av livet hans, har lite å seia om bakgrunnen hans. Han var munk ved øya Iona utanfor vestkysten av Skottland frå relativt ung alder.[3] Han var kjend for å vera strengt asketisk.[4]

I åra før Aidan verka som misjonær hadde kristendommen, som hadde spreidd seg i Storbritannia udnder romartida, gått tilbake og i stor grad blitt fortrengd av angelsaksisk heidenskap. Som ungdom i eksil budde den framtidige kong Oswald av Northumbria på Iona, der heilage Columba frå Irland hadde skipa eit kloster. Oswald blei døypt og svor å bringa kristendommen tilbake til folket sitt. I 634 fekk han sjansen til dette då han vann trona i Northumbria.[5]

Oswald bad om å få misjonærar frå Iona, i staden for dei romersk-tilknytte klostera i Sør-England.[4] Først sende dei han biskopen Cormán, men han var særs streng og blei dårleg likt av folket. Han vende tilbake til Iona og melde at folk i Northumbria var for stae til å bli omvende. Aidan kritiserte metodane til Cormán, og blei så send i hans stad.[6] Han blei biskop i 635.[7]

Remove ads

Galleri

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads