Heinrich von Brentano di Tremezzo

tysk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Heinrich von Brentano di Tremezzo
Remove ads

Dr. jur. Heinrich von Brentano di Tremezzo (fødd 20. juni 1904 i Offenbach, daud 14. november 1964 i Darmstadt) var ein tysk konservativ politikar for CDU og advokat. Han høyrde til skiparane av CDU i Hessen og var medlem av det tyske parlamentet frå 1949. Han var her parlamentarisk leiar for CDU/CSU-fraksjonen. Han var òg medlem av Europarådets parlamentariske forsamling (som visepresident) og av Europaparlamentet frå starten av. Dessuten var han medlem av landdagen i Hessen. Frå 1955 til 1961 var han tysk utanriksminister. Heinrich von Brentano di Tremezzo spelte ein stor rolle i skipinga av det europeiske økonomiske fellesskapet, forløparen til EU.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Han høyrde til ein familie av italiensk opphav som slo seg ned i Hessen på 1600-talet og vart anerkjend som hessisk adel. Familien inkluderte mellom anna diktaren Clemens von Brentano og var knytt til ein krets under den tyske romantikken som inkluderte personar som Goethe, Arnim og Savigny.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Heinrich von Brentano di Tremezzo
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads