Kronealvar
kolibrislekt med leveområde i våt låglandskog i Mellom-Amerika og nordlege Sør-Amerika From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kronealvar er ei biologisk slekt Heliothryx av kolibriar med to medlemmer som samla har eit leveområde i våt låglandskog i Mellom-Amerika og nordlege Sør-Amerika. Begge artar lever både i Ecuador og Colombia, separet av Andesfjella. Slekta er ein del av underfamilien Polytminae, «mangoar».
Namnet Heliothryx er frå gresk: hēlios «sol» samansett med trikhos «hår».[1]
Remove ads
Skildring
Kronealvar er to kolibriartar med rein kvitfarga underside, svart ansiktmaske og elles grønglitrande overside. Snøkvite halefjører blinkar når dei vert spreidde ut. Begge artar er rundt 9-10 centimeter i kroppslengd.[2] Kronealvar har lenge vore kjente for åtferda med å stikke hol gjennom blomar utan å medverke til pollinering, kalla nektartjuveri.[3][1][4]
Dette er fuglar som lever i lågland, grønkronealv er mest vanleg under 400 moh.
Remove ads
Galleri
- Grønkronealv, Heliothryx auritusFoto: Joao Quental
- Purpurkronealv, Heliothryx barroti bilete frå Costa Rica
Artslista
Kronealvar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[5] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[7]
- Purpurkronealv, Heliothryx barroti, Purple-crowned fairy, (Bourcier, 1843), (LC)
- Lever frå Guatemala langs karibiakysten til Costa Rica og Panama, over til stillehavskysten og langs vestsida av Andes i Colombia og Ecuador.[8]
- Grønkronealv, Heliothryx auritus, Black-eared fairy, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads