Henrik III av England
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Henrik III av England (1. oktober 1207–16. november 1272) kalla seg konge av England frå 1216 til 1272, men var eigenleg konge i tida 1234–58.
Henrik var son til Johan utan land (John Lackland). Medan Henrik var umyndig, vart riket leia av formyndarar, først jarlen av Pembroke og seinare Hubert de Burgh. Henrik tok styringa i 1234 og kom etter kvart i strid med adelen, som var misnøgd med hard skattlegning og stor pengebruk frå kongen side, attpå ei favorisering av utlendingar ved hoffet.
Då Henrik lovde paven store pengeløyvingar til striden mot hohenstaufane, greip ein koalisjon av engelske baronar makta i 1258. Gjennom dei såkalla Oxford-provisjonane tvinga dei fram store endringar i riksstyringa. I eit slag ved Evesham i 1265 fall den røynlege herskaren over England, Simon av Montefort, i strid mot styrkane til Edvard 1. son til Henrik. Etter den tid var Edvard engelsk konge i gagnet, far hans berre i namnet.
Henrik døydde i Westminster i 1272 etter lang tids sjukdom.
Remove ads
Kjelder
- Store norske leksikon
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads