Henrik Suso
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Henrik Suso (kring 21. mars 1295–25. januar 1353) (fornorsking av tysk Heinrich og latinisering av etternamnet Seuse som mor hans brukte; òg skrive Heinrich von Berg), fødd omkring 1295, truleg i Konstanz, død 25. januar 1366 i Ulm, var ein tysk mystikar og dominikanarmunk.
Henrik gjekk i kloster som 13-åring, og studerte på 1320-talet ved høgskolen dominkanarane hadde i Köln. I 1348 vart han på grunn av ein påstått skandalehistorie forflytta til klosteret i Ulm, og der vart han resten av livet sitt.
Suso var blant læresveinane til meister Johannes Ekkehart, og han høyrde i lag med Ekkehart og Johannes Tauler til dei sentrale kristne mystikarane i mellomalderen. Susos Büchlein der ewigen Weisheit høyrde til dei mest lesne oppbyggingsskrifta i mellomalderen.

Suso kom fram til at eit menneske ikkje kunne bli fullkome gjennom teologisk tenkning. Askese var heller ikkje noko mål i seg sjølv.
I eit mellomalderskrift om livet hans, finst ei forteljing om korleis Suso under sjukdom vart oppmødd av englar som dansa og song «In dulci jubilo».
Suso vart kanonisert i 1881.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Biografi på katolsk.no
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads