Hensonhest

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hensonhest
Remove ads

Hensonhest eller henson er ein fransk hesterase som er avla fram ved å krysse fjording med ulike varmblodshestar.

Thumb
Hensonhestar i sitt rette element

Raseskildring

Hensonhesten er blakk og mankehøgda ligg mellom 150 cm og 160 cm. Hesten ber tydeleg preg av å stamme frå fjordingen.

Historie

Arbeidet med hensonhesten tok til på 1970-talet, då fjordhest vart kryssa med andre rasar for å få fram ein allsidig og nøysom fritidsridehest med evne til å leve utandørs heile året. Mellom anna vart den franske rasen angloarabar brukt i avlsarbeidet. Hensonhesten er den nyaste av dei franske hesterasane, og vart godkjent av franske styresmakter som eiga rase i 2003.

Førekomst

Kjerneområdet til hensonhesten er ved Somme-bukta i Frankrike. Flokkar med hestar går ute året rundt.

Bruk

Hensonhesten er mykje brukt til turriding og andre former for fritidsriding.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Hensonhest
Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads