Bjørnekjeksslekta

planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia

Bjørnekjeksslekta
Remove ads

Bjørnekjeksslekta (Heracleum) er ei planteslekt i skjermplantefamilien. Slekta omfattar rundt 70 artar, mellom anna bjørnekjeks (H. sphondylium), kjempebjørnekjeks (H. mantegazzianum) og tromsøpalme (H. persicum).

Kjappe fakta

Bjørnekjeksplantar har grove, stive hår og stram lukt. Fleire av dei har kvite eller gulgrøne blomar og etsande plantesaft som i nokre høve kan gje utslett.

Nokre artar har vore brukt som prydplantar, som kjempebjørnekjeks i Sør-Noreg og tromsøpalme i Nord-Noreg. Desse plantane veks no forvilla i Noreg, særleg langs vegar og jernbanelinjer, og er ofte rekna som ugras. Vanleg bjørnekjeks er ikkje ønska i eng eller beite, ettersom han ikkje eigner seg som fôr.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads