Herb Elliott
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Herbert James Elliott (fødd 25. februar 1938) er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Perth som vart olympisk meister på 1500 meter i 1960. Frå 1957 til 1961 vann samtlege tevlingar han deltok i på mellomdistansane.
Under samveldeleikane sommaren 1958 i Cardiff vann Elliott både 880 yards og 1 engelsk mile. Tidleg i august månad sette han ny verdsrekord på 1 engelsk mile med tida 3.54,5, heile 2,7 sekundar under den gamle rekorden. Tre veker seinare, den 28. august, tok han også over som verdsrekordhaldar på 1500 meter. Tida 3.36,0 var ei rekordforbetring på 2,1 sekundar i høve til den eitt år gamle verdsrekorden.
Elliot vann den olympiske gullmedaljen på 1500 m då sommarleikane 1960 fann stad i Roma. Den 6. september forbetra han i finalen sin eigen verdsrekord til 3.35,6 og slo andremann, Michel Jazy frå Frankrike, med heile 2,5 sekundar, medan István Rózsavölgyi frå Ungarn tok bronsen.
Elliott la opp friidrettsatsinga i 1962.
Remove ads
- OL 1960 i Roma: Gullmedalje på 1500 m - 3.35,6, framom Michel Jazy (3.38,4)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Herb Eliott» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2017.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads