Wassail song

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«The wassail song», ofte kjend under førstelinja «Here we come awassailing» eller «Here we go awassailing» (også «a-wassailing», «a-whistling», «a-caroling») er ein tradisjonell engelsk julesong som viser til wassail-skikken med å vitja hus med song og dela mat og drikke. Ein annan wassailsong som tidvis også blir kalla «The wassail[ing] song» har opningslinja «Wassail, wassail! all over the town».

Here we come a wassailing
Among the leaves so green,
Here we come a wandering
So fair to be seen.

Første verset[1]

Good Master and good Mistress,
As you sit by the fire,
Pray think of us poor children
Are wandering in the mire.

Fjerde verset[1]
«Wassail Song» framført av U.S. Army Band.

Folkesongen blei først trykka på 1800-talet, og var då kjend over store delar av England. Han kan vera nokre hundreår eldre. Han skildrar det å gå wassailing (ei form for julebukk), og songarane ber i dei ulike versa om mat, drikke og litt pengar. I det siste verset blir familien dei vitjar signa, og i kvart vers blir tilhøyrarane ønskt kjærleik, glede og godt nyttår. Songen skil seg frå mange andre julesongar ved ikkje å visa til juleevangeliet, men berre til julefeiringa og dei fattige som ber.

Remove ads

Framføring

«The wassail song» er blitt ein populær framføringssong også i område der ein ikkje har tradisjon for wassailing. Han er mellom anna blitt spelt inn av:

  • Ames Brothers
  • Tennessee Ernie Ford
  • George Mitchell Minstrels
  • Alvin and the Chipmunks på albumet Christmas with The Chipmunks, Vol. 2 (1963)
  • The Singers UnlimitedChristmas (1972)
  • The WatersonsFor Pence And Spicy Ale (1975)
  • Ray ConniffChristmas Album (1989)
  • Westminster Choir på Christmas Masterpieces and Familiar Carols (2006)
  • David ArkenstoneCeltic Christmas (2006)
  • Yo-Yo MaSongs of Joy & Peace (2008)
  • Kate RusbySweet Bells (2008)
  • Magpie LaneWasail! (2009)
  • The Boy Least Likely ToChristmas Special (2010)
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads