Hermanus Contractus
tysk komponist, matematikar, poet, skribent og historikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hermanus Contractus (18. juli 1013–24. september 1054), også kjend som Hermannus Augiensis eller Hermann frå Reichenau, var ein musikkteoretikar, komponist, matematikar og astronom frå 1000-talet.
Remove ads

Hermanus eller Hermannus var kalla «contractus» (den samankropne) på grunn av ein beinskade han fekk i barneåra (truleg poliomyelitt). Det meste av livet budde han i Reichenau, der han var i kloster. Han arbeidde innanfor alle dei fire Quadrivium-faga.
Hermann var son av greven Wolfrat von Altshausen. Sjukdomen han hadde frå barneåra gjorde han uskikka til praktisk arbeid, og han vart send i klosterskole. Han var i kloster frå 1020. Her fekk han vitskapleg opplæring og grunnutdanning.
Hermann har skrive musikkteori, astronomiske og matematiske utgreiingar, og ei avhandling om geometri. Han skreiv og eit historisk oversyn over tida frå Kristi byrd til hans eiga samtid. Verket hans vart vidareført av eleven Berthold av Reichenau. Verket De Musica var ei vidareføring av Guido d`Arezzo sine tankar, og han la siste hand på kyrkjetoneartsystemet. To antifonar er tilskrivne Hermann: Alma redemptoris mater, og Salve Regina.
Hermann vart saligkåra av den katolske kyrkja i 1863.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hermann of Reichenau» frå Wikipedia på engelsk, og «Hermann von Reichenau» frå Wikipedia på tysk den 3. februar 2010.
- engelsk og tysk Wikipedia.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads