Hermod Skånland
norsk bankier og økonom From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hermod Skånland (15. juni 1925–16. april 2011) var ein norsk økonom og sentralbanksjef frå Tromsø.
Remove ads
Biografi
Hermod Skånland tok eksamen artium i 1944 og tok sosialøkonomisk embetseksamen i 1951 ved Universitetet i Oslo. Han starta karrieren sin ved forskningsavdelinga ved Statistisk Sentralbyrå, og vart økonomikonsulent i Finansdepartementet året etter. Han var tilsett ved Finansdepartementet i 19 år frå då av.
I 1971 vart Skånland direktør og nestformann for Norges Bank, og han vart sitjande som bankdirektør fram til 1985, då han tok over som sentralbanksjef etter Knut Getz Wold. I tillegg var Skånland formann i styret for Statistisk Sentralbyrå frå 1981 til 1993, styremedlem i Norges teknisk-naturvitenskapelige forskningsråd frå 1979 til 85 og styremedlem i Nordisk Investeringsbank frå 1976 til 1988.
Skånland var ein aktiv deltakar i den offentlege økonomidebatten. I 1980 vart han i det høve tildelt Fritt Ords honnør for konsekvent, og på open og uredd måte, å ha festa merksemda på betenkelege sider ved utviklinga av økonomien i landet. Hausten 1992 deltok han i forsvaret av den norske krona. Skånland gjekk av som sentralbanksjef i 1993/1994, og vart etterfølgt av Torstein Moland. Etter det vart han professor ved Handelshøgskolen BI fram til 2003/2004. Han døydde på ein sjukeheim på Jaren i Gran kommune i Oppland.
Skånland var gift fram til kona døydde i 2000. Han etterlét seg ei dotter.
Remove ads
Verk av Skånland (utval)
- Det norske kredittmarked siden 1900, 1967
- Inntektspolitikkens dilemma, 1981
- The Central Bank and Political Authorities in some Industrial Countries, 1984
- En pengepolitikk for Norge. Etter solidaritetsalternativet, i Sosialøkonomen, 1998
- Doktriner og økonomisk styring. Et tilbakeblikk, Norges Banks skriftserie nr. 36, 2004
Utmerkingar
- Fritt Ords honnør (1980)
- Riddar av St. Olavs Orden (1987)
- Kommandør av Luxembourgs fortenesteorden (1990)
- Kommandør med stjerne av Finlands løves orden (1998)
- Kommandør med stjerne av Den islandske falkeordenen (1998)
- Sosialøkonomprisen (1998)
Kjelder
- Utdjupande artikkel om Skånland, skriven av Per Kleppe.
- Bokmålswikipedia om Hermod Skånland.
- Aftenposten, 17.04.11: Hermod Skånland er død. Om dottera.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads