Hisarøyna
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hisarøyna eller Hiserøyna er ei øy i Gulen kommune i Vestland. Ho ligg sør for Sognesjøen, den ytste delen av Sognefjorden. Arealet er 18,7 km² og det høgaste punktet er Veten på 313 moh. Øya har 43 innbyggjarar (2001).
Sør for Hisarøyna ligg Gulafjorden og Sandøyna.
Remove ads
Fastlandssamband
Hisarøyna fekk fastlandssamband i form av kabelferje i 2013.[1] Kabelferja er driven av ein elektrisk motor, og var det fyrste bilferjesambandet som blei drive av elektrisk kraft i Noreg. Kabelferja går frå Mjånes til Nyhammar og ferjeturen tar ca. 10 minutt.[2]
Folketalsutvikling:
1801[3] | 1900[4] | 2000[5] | 2023[5] |
---|---|---|---|
98 | 141 | 45 | 22 |
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads