Hobbiten

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hobbiten
Remove ads

Hobbiten (originaltittel på engelsk: The Hobbit) er den engelske forfattaren J.R.R. Tolkien sitt første utgjevne litterære verk, ei barnebok som Tolkien skreiv til sin eigen son. Boka kom ut i 1937.

Kjappe fakta Forfattar(ar), Språk ...

Hovudpersonen i boka er hobbiten Bilbo Skrepping. Han lever eit roleg liv i hobbit-hola si i Heradet, fram til trollmannen Gandalv tek med seg tretten dvergar heim til han og tek han med ut på eventyr. Dei går forbi Myrkskog til Einsamfjellet, der dei sigrar over draken Smaug, gjenerobrar fjellet til dvergane og tek med seg skattane hans.

Boka vart omsett til bokmål i 1972, og nok ein gong i 1998. I 2008 kom boka òg ut på nynorsk.

Boka Ringdrotten (originaltittel The Lord of the Rings) er eit framhald av Hobbiten, der Bilbo sin nevø Frodo Skrepping er ein av hovudpersonane.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads