Hodiak
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hodiak er ein norsk film frå 1994, regissert av Hans Petter Blad. Han er inspirert av den franske poetiske realismen, med eit uttalt ønske om å ikkje skapa sterke kjensle hjå publikum. Hodiak var eit lågbudsjettseksperiment som braut ny mark i norsk film.[1] Filmen hadde eit budsjett på 100 000 kroner, og hadde opptakstid i 1992. UWAGA filmselskap blei oppretta for å laga filmen. Det var ein streng regel om at ingen symbolske rekvisittar måtte kosta meir enn 10 kroner.[2] Manuset var skrive av Hans Petter Blad og Thure Erik Lund.
Remove ads
Handling
Hilmar Hodiak vender attende til Oslo etter mange år i Miranda. For åtte år sidan forlet Hodiak den gravide kona si og reiste utanlands. Nå er mor hans død, og han kjem heim til gravferda. Men han har også et ønske om å finne igjen Carole, som han forlet, og sonen Stain, som han aldri har møtt.[3]
Om bord på båten treffer han vaskehjelpen Simone, som han innleier eit forhold til. Gradvis blir fleire suspekte motiv omkring kvifor Hilmar har vendt heim avdekka. Ei rekke feiltolkingar av eigne og andre sine motiv endar i ein serie tragediar han nærast uvitande set i gang. Heimvendinga til Hodiak hjemkomst utløyser hendingar som får katastrofale følgjer for alle.[3]
Remove ads
Mottaking
Filmen fekk blanda kritikk. Arbeiderbladet gav han 4 på terningen, medan VG gav 3 og Dagbladet 1.[4]
Skodespelarar
- Håkan Islinger som Hilmar Hodiak
- Guandaline Sagliocco som Simone
- Anne-Mali Sæther som Carole
- Terje Sødal som Sigmund
- Ivar Asheim som Ivan Hodiak
- Øystein Caspersen som Stian Hodiak
Hodiak. Et filmmanuskript
Hodiak. Et filmmanuskript (Slow Fire Press, 2025) består av manuset bak filmen, eit dokumentaressay av Thure Erik Lund og stillbilde frå filmen. Boka inkluderer også scener som blei til under innspelinga og scener som ikkje blei med i filmen. Dokumentaressayet «UWAGA. En dokumentar» er ein utvida versjon av teksten «Uwaga Film AS», som stod på trykk i antologien ALT dokumentært (Tiden Norsk Forlag, 1996; redigert av Kristine Næss, Tore Renberg og Vibeke Tandberg). Med denne utgivinga blei filmmanuskriptet publisert for første gong. Boka er trykt i 150 nummererte eksemplar.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads