Hole kommune

kommune i Buskerud fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Hole kommune
Remove ads

Hole er ein kommune i Buskerud fylke. Han grensar i nord til Ringerike, i aust til Bærum og i sør til Lier. Sør i Tyrifjorden grensar kommunen òg til Modum.

Thumb
Utsyn frå Kongens utsikt. Steinsfjorden til høgre, Tyrifjorden til venstre, Kroksund i mellom dei.
Foto: Kjetil Lenes
Denne artikkelen handlar om kommunen. For rom i berg, sjå hòle.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Historie

Hole kommune har fått namnet sitt frå ein hol, eit gammalt ord brukt om avrunda, einslege høgder. Holen det her er snakk om er Frøshaugåsen.

Dagens kommune er ganske ung, ettersom han fram til 1977 var del av Ringerike kommune etter å ha vorte slege saman med denne under den store kommunesamanslåinga i 1964.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet til Hole viser fire kongekroner. Desse skal minna om fire kongar som hadde tilknyting til kommunen. Halvdan Svarte skal ha budd på Stein på Bønsnes, og vera gravlagd i Halvdanshaugen. Seinare vart det Sigurd Syr sin kongsgard der fostersonen Heilag-Olav og sonen Harald Hardråde voks opp.

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads