Holla kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Holla kyrkje er ei langkyrkje frå 1867 i Nome kommune i Telemark. Ho avløyste ei steinkyrkje frå mellomalderen.
Kyrkja har tårn i vest, og koret i aust er polygonalt avslutta. På kvar side er eit sakristi. Dåpssakristiet er frå 1916. Kyrkja vart restaurert i 1930 og til hundreårsjubileet i 1967. Ved siste høve var Finn Krafft fargekonsulent, og han laga m.a. glasmåleri med evangelistbilete til kyrkja.
Kyrkjegarden ved kyrkja er ute av bruk, men har framleis ei rekkje gravminne. Det er kyrkjegard ved Kronborg, lengre sør. Viadre søraust er prestegarden og den gamle kyrkjestaden.
Remove ads
Kjelder
- Henriksveen, Herman, red. (1986). «Holla kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 90-91. ISBN 82-90695-00-4.
- Kyrkjesøk
Bakgrunnsstoff
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 495. ISBN 82-7527-022-7.
- Holla og Helgen kyrkjelyd
- Holla kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Denne kyrkjeartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads