Holt

tidlegare kommune i Aust-Agder fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Holtmap
Remove ads

58°36′23.785″N 8°52′14.592″E

Kjappe fakta Land ...

Holt er ei bygd i Tvedestrand kommune i Aust-Agder. Fram til og med 1959 var Holt ein eigen heradskommune. Holt kyrkje ligg sentralt i Holt, sameleis Holt skole og ei avdeling av Tvedestrand videregående skole, skulen som frå 1907 var Holt Landbruksskule.

Landbruk og skogbruk var lenge viktigaste næringsvegane i Holt, ein posisjon industri i 1950 hadde overteke. Frå 1738 til 1959 var Næs Jernverk ein stor sysselsetjar. Det nedlagde jarnverket er sidan omgjort til museum, eigedomen elles er omgjord til golfbane.

Holt vart i 1837 oppretta som eige formannskapsdistrikt. Folketalet steig frå 2 324 i 1801 til 4 148 i 1865 og 4 344 i 1900. Etter den tid minka det til 3 424 i 1946, for så å stige att, ved samanslåinga hadde Holt kommune 3 759 ibuarar.

1. januar 1960 vart Holt, Dypvåg og Tvedestrand slått saman til den nye kommunen Tvedestrand.

Remove ads

Kjelder

  • Norsk Allkunnebok. V. Bandet. 1954


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads