Homo habilis

pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia

Homo habilis
Remove ads

Homo habilis ('det hendige mennesket') er ein tidleg art innan slekta Homo som levde for rundt 2,5 millionar år sidan til minst 1,6 millionar år sidan, ved byrjinga av pleistocentida. Homo habilis er kjend som «urmennesket» fordi det er den eldste kjende arten som høyrer til slekta Homo (H. rudolfensis er også eit mogleg «urmenneske»). H. habilis levde frå om lag 1,8 millionar til om lag 1,2 millionar år sidan, og var samtidig med Australopithecus. Nokre forskarar, som Richard Leakey, har føreslått å plassera H. habilis i slekta Australopithecus, ettersom arten er mindre og meir primitiv enn andre Homo-artar.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Homo habilis var i gjennomsnitt rundt 1,3 meter høg. Han hadde eit hjernevolum på mellom 590 og 650 cm³, ein og ein halv gong så stor som australopithecinane, men berre rundt halvparten så stor som moderne menneskehjernar (1350-1450 cm³).

Funn

Dei første funna av H. habilis blei gjort i Olduvai-dalen i Tanzania av Mary og Louis Leakey mellom 1962 og 1964. Det er seinare funne fossil ved Koobi Fora i Kenya.

H. habilis er funne saman med enkle tillagde steinreiskapar av oldowantypen, og blir difor kalla 'det hendige mennesket'. Arten blei lenge rekna som den første som laga verktøy, men dette er no rekna som usikkert, ettersom Australopithecus garhi er blitt funnen saman med verktøy som er minst 100 000-200 000 eldre.

Remove ads

Kjelder

  • Philip's (2008), «Homo habilis», World Encyclopedia, Oxford Reference Online, Oxford University Press
  • Timothy Darvill, red. (2008), «Homo habilis», The Concise Oxford Dictionary of Archaeology, Oxford University Press

Bakgrunnsstoff

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Homo habilis


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads