Homssjøen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Homssjøen
Remove ads

Homssjøen (arabisk بحيرة حمص), òg kalla Qattinahsjøen (arabisk بحيرة قطينة) er ein innsjø nær Homs i Syria, som får vatn frå Orontes. Innsjøen ligg 15 km frå byen Homs, og dekkjer eit område på 60 kvadratkilometer. Innsjøen er kjend for å innehalde mykje fisk. EIn av hovudkanalane, som er 60 km lang, gjev drikkevatn til Homs, og eit heilt nettverk av kanalar gjev kunstig vatning til kring 200 kvadratkilometer land.[1]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Breidda av innsjøen er bratt i stader og ganske uframkommgeleg. Det går ikkje veg heile vegen rundt. Demninga som held vatnet inne og mykje av tilhøyrande anlegg har blitt forsterka og utvida i nyare år.

Innsjøen er kunstig og er skapt av Homsdammen i nordenden. Demninga er eit ingeniørmessig meisterverk frå antikken og vart bygd av romarane. Frå reservoaret gjekk det på denne tida eit nettverk av kanalar til området rundt.[2]

Remove ads

Kjelder

Litteratur

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads