Honningsvåg
Eit tettsted i Nordkapp kommune i Finnmark From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Honningsvåg er ein by på Magerøya i Nordkapp kommune, nord i Finnmark.[1] Honningsvåg ligg 35 km sør for Nordkapplatået. Byen hadde eit folketal på 2,453 i januar 2019. Byen er senter i Nordkapp kommune. Honningsvåg vert også kalla for Áváhki eller Honnesváhki frå nordsamisk
Honningsvåg har sidan 1999 vore knytt til fastlandet gjennom ein nesten 7 km lang undersjøisk tunnel. Saman med Honningsvåg ligg bustadsområda Nordvågen i aust og Storbukt i vest.
I Honningsvåg finn ein Honningsvåg barneskule og Nordkapp vidaregåande skule.
Remove ads
Etymologi
Namnet Honningsvåg har ikkje noko med Honning å gjere. Det kjem frå Horntindsvåg, med forklaringa «vågen under tinden forma som eit horn». Tinden heiter i dag Storfjellet.
Historie
Kyrkja i Honningsvåg frå 1885 var den einaste bygningen som stod att etter at dei tyske troppane hadde rasert byen som del av den brente jords taktikk i 1944.
Nordkapp kommune vedtok bystatus for Honningsvåg frå 1. oktober 1996.
Nordkappmuseet i Honninsvåg sentrum er staden for å lære meir om byen si historie.

"Noregs Sommerby"
I 2006 vart det heldt ein konkurranse "Norges Sommerby" av NRK Reiseradio, der Honningsvåg gjekk av med sigeren. Drammen og Fredrikstad vart utslått. Sigeren førte til at det vart setten opp eit skilt 'Norges Sommerby', ved vegen like før ein køyrer inn til byen.[2]
I 2010-åra vart hamna i Honningsvåg utbetra for å kunne ta imot Cruiseskip. Vitjande som kjem reisande til Honningsvåg kan også bu på ein campingplass, Nordkapp Camping, nokre kilometer utanfor sentrum.
Remove ads
Honningsvåg i kulturen
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads