Hooker 'n Heat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Hooker 'n Heat er eit dobbeltalbum av blueslegenda John Lee Hooker og bluesrockbandet Canned Heat frå tidleg 1971. Det var det siste studioalbumet med munnspelspelaren, gitaristen og låtskrivaren Alan Wilson, som døydde i september 1970 av ein overdose. Biletet på framsida av plateomslaget vart teke etter Wilson var død, men biletet av han er å sjå på veggen bak John Lee Hooker. Gitaristen Henry Vestine var heller ikkje til stades då biletet vart teke. Personen som står føre vindauget, for Vestine, er manageren deira, Skip Taylor.

Meir informasjon John Lee Hooker-kronologi, Canned Heat-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Dei første seks spora på albumet er berre framført av Hooker aleine på gitar og vokal. På dei neste seks songane er Alan Wilson med på munnspel eller piano, medan heile bandet, utanom Bob Hite, som var produsent på innspelinga, spelte på dei resterande songane.

Det var det første albumet til Hooker som gjekk inn på albumlista i USA, då det nådde 78. plassen på Billboard-lista.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av John Lee Hooker, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • John Lee Hooker - gitar (alle spor), vokal (alle spor), rytmegitar (spor 13), sologitar (spor 16)
  • Alan Wilson - munnspel (spor 7-9, 13-15, 17), piano (spor 10-11), gitar (spor 12), rytmegitar (spor 16)
  • Henry Vestine - sologitar (spor 13-15, 17)
  • Antonio de la Barreda - bass (spor 13-17)
  • Adolfo de la Parra - trommer (spor 13-17)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads