Hornsund

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hornsundmap
Remove ads

Hornsund er ein 30 km lang fjord på vestsida av SpitsbergenSvalbard. Inst i fjorden forgreinar han seg i Samarinvågen, Brepollen og Burgerbukta. Fjorden er det naturlege skiljet mellom Sørkapp Land og resten av Spitsbergen. I Hornsund ligg det ein polsk vitskapeleg stasjon i Isbjørnhamna, først tatt i bruk i det internasjonale geofysiske året 1957-1958. Ved stasjonen bur det 25–30 menneske. Her blei det 1. februar 1990 oppretta eit norsk postkontor, 9177 Hornsund. Postkontoret blei lagt ned 20. september 2002.

Thumb
Den polske forskningsstasjonen i Isbjørnhamna ved utløpet av Hornsund.

I området rundt Hornsund finst ei rekke kulturminne. I Gåshamna har det vore utgravingar i eit kvalfangstanlegg frå 1600-talet.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads