Horsh Ehden naturreservat

From Wikipedia, the free encyclopedia

Horsh Ehden naturreservat
Remove ads

Horsh Ehden er eit naturreservat som ligg i Nord-Libanon og består av restar av skogen av libanonseder, som er viktig for kultur- og naturarva til landet. Det ligg i nordvestsida av Libanonfjella omgjeve av tåke og relativt mykje nedbør. Fleire sjeldne og endemiske planter veks her. Sedertrea står ved sidan av ein blandingsskog av einer, furu og dei siste verna områda i landet med ville epletre. Av dyr i skogen finn ein keisarørn, haukørn, gråulv og villkatt. Reservatet ligg i vakre dalar og kløfter med ville orkidéar, lysefarga salamanderar, sopp og anna plante- og dyreliv.

Kjappe fakta Land, By ...
Thumb
Inne i reservatet.

Reservatet er eit populært turområde.

Remove ads

Naturhistorie

Biologisk mangfald

Horsh Ehden naturreservat har eit rikt biologisk mangfald. Det er registrert over 1 058 plantartar i reservatet, som utgjer kring 40% av alle planteartane i Libanon, sjølv om området berre dekker mindre enn 0,1% av landet. 212 av plantene er sjeldne, og 126 er rekna som truga. 115 av planteartane er endemiske for Libanon, og 10 er endemiske for Horsh Ehden.

Horsh Ehden naturreservat har òg eit rikt fugle- og dyreliv.

Remove ads

Kjelder

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads