Hudsystemet
organsystem som består av eit ytre hudlag og fleire hudorgan (som negler, hår, skjel, fjører eller klauver) From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hudsystemet (medisinsk latin integumentum commune) er det ytre organsystemet som vernar kroppen mot skade utanfrå. Huda hjå virveldyr har to typiske lag, overhud og indre lêrhud. I tillegg til hudceller finn ein gjerne sveitte- og talgkjertlar, harde delar som kutikula og utvekstar som negler, klør, hår og fjører i hudsystemet. Like innanfor huda finn ein feittvev.

Remove ads
Funksjonar
Hudsystemet hjelper til med å regulera kroppen ved å verna indre vev og organ frå ytre påverkingar, til dømes temperaturendringar og organismar som kan gje infeksjon, og ved andre funksjonar. Det vernar mot væsketap og solstråling, men kan også sleppa ut væske og andre stoff som sveitte og danna D-vitamin ved hjelp av ultrafiolett lys.
Hudsystemet er eit viktig kjensleorgan som oppfattar overflatar, trykk, varme og kulde. Det er lagringsstad for vatn, feitt, glukose og D-vitamin.
Remove ads
Kjelder
- Integumentary System. MeSH Descriptor Data ved nlm.nih.gov
«integument – zoologi» i Store norske leksikon, snl.no. ytre begrensning hos dyr «hud – legemets ytre begrensning hos dyr» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Integumentary system» frå Wikipedia på engelsk, den 30. november 2010.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads