Menneskecytomegalovirus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Menneskecytomegalovirus
Remove ads

Menneskecytomegalovirus (ofte avstytt HCMV og CMV) eller menneskeherpesvirus 5 (HHV-5) er eit betaherpesvirus i slekta Cytomegalovirus som har menneske som vert.[1] Hjå kvinner i reproduktiv alder er seroprevalensen for menneskecytomegalovirus mellom 45 % og 100 %, med høgst seroprevalens i Sør-Amerika, Afrika og Asia. Infeksjon med menneskecytomegalovirus er som regel utan symptom. Som andre herpesvirus gjev menneskecytomegalovirus opphav til livslange løynde infeksjonar.[2]

Kjappe fakta

Når menneskecytomegalovirus infiserer foster (gjennom morkaka) er det er ei større kjelde til sensorinevralt høyrsletap og annan nedsett nevrologisk funksjon. Det kan òg vera livsfarleg for HIV-infiserte, mottakarar av organtransplantasjon og andre med nedsett immunforsvar.[2][3]

Fleire mikro-RNA er kjende frå menneskecytomegalovirus.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads